Heim

NYTT OG NYTTIG

11. mai 2019 arrangerte Tankesmia seminar om forsamlingsarbeidet på bedehuset. No kan du lese nokre av foredraga, mellom anna Rolf Kjøde sitt presentasjon: "Bibelske ideal for menigheten og vår praksis".


Alle innlegg ligg samla her.

 

Tid for forsamlingsbygging

Odd Sverre Hove, august 2017

 

 

 

 

 

 

 

Forsamlingsbygging er for tida eit sentralt samtaletema rundt på bedehusa. I eit perspektiv burde dét ikkje vera noko nytt. For både bygging og drift av kvart einaste bedehus er uttrykk for forsamlingsbygging. Men i eit anna perspektiv er samtalen om denne saka no likevel ny. For kan vi i vår tid makte å mobilisera til ei formidabel ny forsamlings-ut-bygging –? 

 

Artikkelen stod på trykk i bladet Venehelsing, eit organ for Nordhordland Indremisjon, i augustnummeret 2017.

 

LES MEIR

Ta gjerne kontakt i skjemaet under om du har spørsmål, tilbakemeldingar eller innspel til Tankesmia.





 
 
 
 

TANKESMIA

BEDEHUSFORSAMLINGAR




Tankesmia Bedehusforsamlingar arbeider for ei fornying i bedehusland som har struktur og kraft i seg til å møta framtida. Vi lever i eit tidsskifte som kallar til omvending og bøn. Vår kristendomsform er under press frå mange kantar, og utviklinga i bedehusland er ikkje slik ein kanskje ønskjer. Men Guds kraft er den same som før og vi har ein stor åndeleg arv å byggja vidare på.


Vi meiner at:

 

  • Det trengst ei styrka åndeleg og teologisk kraft for å møta utfordringane i tida framfor oss.
  • Forkynninga i alle samanhengar må ikkje korta ned på den bibelske bodskapen, men tala klart om menneska si fortapte stilling og einaste frelsesveg ved omvending til Kristus
  • For alle truande må frigjeringa i Kristus verta fundamentet og orienteringspunktet for kristenlivet
  • Forsamlingslivet på bedehuset må formast av dei ideala for forsamlingsliv som NT held fram for oss.
  • Etablering av "alt-under-eit-tak" - forsamlingar i bedehusland, i harmoni med ideala frå lekmannsrørsla, vil vere viktig for ei fornya framtid for bedehusarbeidet.

 

Vi vil levera:


  • Analysar, grunnleggjande artiklar og strategiar for

         framtida for bedehusland

  • Konkret hjelpestoff til lokal etablering av bedehusforsamlingar
  • Foredrag om relevante tema
  • Rådgjeving ved forsamlingsbygging



Tankesmia arbeider på tvers av organisasjonsgrensene




Tankesmia bedehusforsamlingar